Bistandsarbeidet til NSF og Jordmorforbundet

bistand

I Noreg har vi komt eit langt stykke på veg i å anerkjenne og utvikle kompetanse hjå sjukepleiarar og jordmødre. Dette er mykje takka være Norsk Sykepleierforbund sitt arbeid i meir enn 100 år.

Andre stadar i verda er ei jordmor sin kvardag prega av mangel på medisinar og utstyr, dårleg rettsikkerheit og utrygge arbeidsplassar. I tillegg er kompetanse og utdanning på eit heilt anna nivå.

NSF har nyleg fått støtte til å frå Norad til å vidareføre det flotte arbeidet i Søraust-Afrika i ytterlagare fem år, med ei auka ramme på 20%. Ein skal fortsette det gode arbeidet ein har i Rwanda og Malawi, i samarbeid med sjukepleie- og jordmor-organisasjonane der, samt at ein skal innleie eit nytt samarbeid med organisasjonane i Tanzania og Zimbabwe.

Vi er stolt av å vere ein del av NSF sitt arbeid.

Du kan lese meir om det her: https://www.nsf.no/om-oss/vart-bistandsarbeid?check_logged_in=1